Synest du at det er mange konferansar i løpet av eit år?
Det synest vi. Difor har vi samla etablerte konferansar innanfor folkehelse, idrett, kultur, frivilligheit, friluftsliv, integrering, inkludering og samfunnsutvikling til årets store møteplass i Vestland: Styrke i samspel-dagane 2026.
Her får du det same gode – og litt til. Styrke i samspel-dagane er ein møteplass der du
- får kunnskap og inspirasjon frå dyktige bidragsytarar
- kan utforskar felles utfordringar og moglegheiter saman med relevante samarbeidspartnarar
Det felles målet vårt er å fremje gode lokalsamfunn, der frivilligheita, det offentlege, næringslivet og innbyggarane styrkar kvarandre og spelar på lag.
Kva kan du vente deg?
Programmet startar etter lunsj kl. 13:00 torsdag 15.oktober, og avsluttast kl. 16.00 laurdag 17.oktober.
Fredag 16.oktober kl. 09:30-12:00 vil arrangerast som ein felles sesjon. Resten av programmet går i fire parallelle spor, og du kan lage ditt eige program som passar akkurat for deg.
Spor 1: Er vi beredt? Utfordringar møter oss overalt – på idrettsbana, på arbeidsplassen, i kvardagen og i verdssamfunnet. Korleis kan vi førebu oss betre, både som enkeltmenneske og som samfunn? I denne bolken utforskar vi korleis vi kan byggje robustheit og handlekraft for framtida
Spor 2: Frå BUlyst til BLIlyst!Bulyst handlar om meir enn vakre omgjevnader. Det handlar om infrastruktur, møteplassar, aktivitet og kvardagsliv. I denne parallellen undersøker vi kva som gjer lokalsamfunn attraktive – og korleis vi kan bygge dei slik at folk både blir, trivst og deltek.
Spor 3: Eit samfunn for alle?Kva skal til for at alle kan delta i fellesskap – på skulen, i arbeidslivet og på fritida? Vi løftar fram konkrete utfordringar, men også løysingar, som fremjar inkludering, deltaking og livsglede gjennom heile livet.
Spor 4: VerktøykassaPraktisk, konkret og rett på sak. Denne parallellen gir deg verktøya du treng for å samhandle, drive utviklingsarbeid, søke midlar, planlegge prosjekt og arrangere aktivitetar på ein god og inkluderande måte.
I tillegg til dette, blir det sosiale kveldsarrangement. Meir informasjon og program kjem snart!
Påmeldinga opnar i mars, men sett av dagane allereie no. Dette er møteplassen du ikkje vil gå glipp av!